Hypotermi kan oppstå i plussgrader. Vått tøy og vind er farlegare enn kulda åleine.
FRIDOM MED ANSVAR
Allmannsretten gjev alle høve til å ferdast og opphalde seg i naturen, uavhengig av kven som eig grunnen. Retten gjeld først og fremst i utmark: skog, fjell, myr og kystområde.
FERDSEL
• Gå og ferdast fritt til fots i utmark
• Gå på ski om vinteren
• Sykle og ri på vegar og stiar der det er lov
OPPHALD
Du kan raste og overnatte i utmark. Telt skal som hovudregel stå minst 150 meter frå bebudd hus eller hytte, og du kan normalt telte på same staden i inntil to døgn utan løyve frå grunneigar. På høgfjellet og langt frå busetnad gjeld eigne unntak.
HAUSTING
• Bær, sopp, ville blomar og urter til eige bruk
• Gratis fiske i sjøen med handreiskap — men eigne reglar gjeld for enkelte artar og område
HUGS DETTE
• Utmark er ikkje det same som innmark. Allmannsretten gjeld ikkje på dyrka mark, gardsplassar, private hagar eller tett rundt bustadhus og hytter.
• Vis omsyn til dyr og natur. Ikkje forstyrr dyr og fuglar, og unngå å skade vegetasjonen.
• Hald hunden under kontroll. Generell bandtvang frå 1. april til 20. august — lokalt kan han vere utvida.
• Etterlat naturen slik du fann han. Ta med deg søppelet og set ikkje unødvendige spor.
HOVUDREGELEN ER ENKEL
Du kan ferdast fritt i naturen — så lenge du viser omsyn til naturen, dyrelivet, grunneigarar og andre menneske. Fridom med ansvar.
Seljordsvatnet og Vallaråi: Døgnkort 100 kr · vekekort 150 kr · årskort 400 kr · familiekort 500 kr. Kjøp med SMS: FISKEKORT AAS10 til 2377 (døgn) eller AAS11 til 2377 (veke). Barn under 16 år fiskar gratis. Fiskeforbod 15. sept – 1. jan.
Les meirEin skal halde hunden sin i kort band i tida det er bandtvang i fjellet. 1. april til 20. august
Mellom 15. april og 15. september er det generelt bålforbod i Noreg.
Få tips om fine turar — rundt forbi!