Story 08
Camping
Turar frå nordstranda
Sanden Camping ligg på Manheimstrondi, nordsida av vatnet, med Lifjell som ruvar bak. Frå sandstranda er det kort veg til både rolege rundturar og ein av dei mest krevjande toppturane i området — Astridnatten, med over tusen høgdemeter.
Camping
Sanden, Seljord
Ute ved Sanden Camping, gjeng det ein flott turveg oppetter lia mot Manheim. Det er bratt og mykje puls på veg opp langs traktorvegen til Kåsi og vidare opp til saga på Manheim. Så kjem ein inn i eit bondelandskap av den vakre sorten. Blomar og nyslåtte jorde på Strånd. Kyr på beite og grøne vekster på rad og rekke. Fantastisk flott turveg der ein gjeng på grusveg heile runden. Totalt 5 km rundtur. Med 230 tunge høgde meter å jobbe med.
Sjå turenCamping
Manheim, Seljord
Igletveit og Igletveittjønni – ein kort og koseleg tur med fin rasteplass Igletveit er ein av dei små, fine turane på Manheimsida av Seljordsvatnet – ein tur som passar for dei fleste og som gjev ei god naturoppleving på kort tid. Turen går opp til den lune og vakre Igletveittjønni, eit perfekt mål for ein ettermiddagstur med matpakke. Turen startar frå parkeringen før Sanden Camping på Manheim, der du følgjer skogsveg og sti oppover lia mot Igletveit.
Sjå turenCamping
Manheim, Seljord
Turen til Astridnatten går i flott fjellterreng og byr på 4,75 kilometer med stigning – og like langt ned att. Dette er ein krevjande tur med god høgdemeter, men utsikta frå toppen gjer innsatsen vel verdt det. Astridnatten, som ragar 1172 meter over havet, er ein av dei høgaste toppane på Lifjell og gir panoramautsikt over store delar av Telemark og nærliggande fjellområde.
Sjå turenVil du ha meir?
Frå Sanden kan du gjera det enkelt eller hardt. Same kva du vel, ventar vatnet på deg når du kjem ned att.
← Alle stories