Story 07
Camping
Turar frå sørenden av Seljordsvatnet
Heilt aust i Seljordsvatnet, der vatnet smalnar mot Flatdal, ligg Telnes. Det er ein roleg krok med sandstrand og stille morgonar. Turane her er korte nok for barnefamilien, men med Blåveisstien har du òg ein lengre dag i beina om du vil.
Camping
Telnessanden, Seljord
Telnesøy – nærtur med skjærgårdsstemning og sagn Ikkje alle turar treng vere lange eller krevjande. På Telnesøy, like utanfor Seljord sentrum, finn du ein lett tilgjengeleg og variert rundtur som passar både unge og gamle – og til dels òg for rullestol. Turen går på ein kombinasjon av skogsveg, stig, fri ferdsel og svaberg, og undervegs opplever du både skog, myk botn og ope landskap.
Sjå turenCamping
Camping
Manheimsida, Seljord
Blåveisen har kome til Blåveisstien den 30. mars 2025. Brua står støtt og Steinstolen ventar. Våren er ei fin tid. Då vaknar mange av kån frå dvalen og tursessongen kan aktiverast fullt ut. Tidleg kom den, og det er godt for alle dei flotte nærturane me har her i området. Blåveisstien gjeng frå Vefall (eigen parkering) oppafor skjæringa etter tunnelen ved Heggeneset. Langt og fint strekke fram til den nye brua over Djupsåi.
Sjå turenVil du ha meir?
Telnes er staden for dei som likar at det er litt færre folk og litt meir vatn. Ta med fiskestong, og legg turen innom Vebekkdalen på vegen.
← Alle stories