← Turtips
Middle-earth fins og det er ikkje så langt vekk. Desse røffe fjellsidene me har frå Øyane i Flatdal oppover mot Skorve. Skorveveggen er ikkje så lett å utforske, men kjenner ein til kvar ein skal gå blir det lettare. Denne turen er var meint som ein rekognoseringstur og det fekk eg. Turen gjekk fyrst bortom Kløvbekkfossen, som er fantastisk å sjå så tett på. Sikkert 100 meter fritt vannfall, som ein nesten står midt under. Eg gjekk liane bort til ura. Alt for grisgrent, så det bør ein ikkje gjere. Men, borte i ura gang ein ganske greit oppover. Det einaste er at den er laus og ustabil. Noko mose som gjer den vanskeleg å gå i. Eg gjekk vidare opp til «steinlåsen» langt oppe i ura. Denne steinsamlingen stoppar turen. Ein kjem ikkje forbi aleine. Da må ein være fleire og med taug. Men, spreke folk kan faktisk krype igjennom låsen. Eg er veldig nyskjerrig på Juvrehallin, som ligg oppafor. Det trur eg er ein magisk plass. Ser den for meg. Lord of the rings. Middle-earth i Skorve. Og så er det stor forskjell å oppleve områder ein bare har sett frå drone før. Moro. Lagar gode mål for neste år då det er tørt og varmt.
Hans Inge Hagen