← Turtips
Seljord Hage - ein nærtur for sansane.
Opplevelsar kan ein ha om ein gjeng kort eller langt. Om ein gjeng høgt til fjells eller blir verande på Brøløs. Det dei heve fått til i Seljords Hage, med sitt store mangfall av blomar, urter, grønnsaker og installasjoner, er nesten å reise inn i ein annan verden. Her må du inn å lukte og sjå. Her kan du vandre rundt i timesvis eller hjelpe til. Sette deg ned på ein av dei mange sitteplassane og draume deg vekk. Det viktigaste med ein tur er påfyll for sansane. Blikk, hørsel og lukt satt saman til ein nydeleg opplevelse. Hagen har kome til for å gje bygdefolk og gjester denne opplevelsen. Desse hagane finn ein ofte i meir urbane strøk, så dette berikar kommunen vår stort! Ta deg ein sansetur her. Kortreist, nærtur med god parkering ved Kunstlåven.
Hans Inge Hagen