← Turtips
Ein av nutane våre ligg veldig tett på. Den ligg i midten, omkransa av sentrum og byggefelt. Sjølvsagt er det Bringsåsnuten. Kanskje den nuten dei fleste ungane kåns heve vøre på mest. Denne kjære nuten, på 235 moh, er nå merka opp att … med småtroll! Den 400 meter lange stien vil nå gje deg følge heilt til topps. Med kreative måla trollsteinar. Her trur eg lokale ungar, heve jobba god dugnad! Oppe ved toppen er nå fleire benkar, laga ut av eit gamalt tre. Skogstur på sitt kortaste og sitt aller beste. Turen startar på parkeringa øverst i Bringsås (evt gå gamle Gullnesveg frå sentrum eller Kjærlighetsstien frå Prestegardsvegen.
Hans Inge Hagen