← Turtips
Venelinuten (1007 moh) på Lifjell.
Det er fleire flotte utsiktspunkt på Grimåssida av Lifjell. Frampå Venelinuten er det strålande utsikt mot Skorve, Flatsjå, Øyane og frampå Mælefjell med Århusnuten, Stondfjellet, Tvingelid. For å koma opp på toppen, så er det fleire stiar (noko attgrodde enkelte stader). Parker på Grimås og gå oppover og mot Tvitjønnan. Ta til høgre mot Nedre Tvitjønnan og så må du koma deg over bekken der det lr seg gjere (mykje vatn der nå). Når du er over åi, så er det bare å peile seg inn på den store steinen du ser på toppen. Det gjeng sti der, men den blir litt borte her og der. Frigåing er moro og ikkje så skummelt, når ein har eit punkt lengere framme. God tur. Det er ca 5-6 km fram og tilbake. Turen ligg på «Fintur»-appen.
Hans Inge Hagen