← Turtips
Furufjell (994 mot) i Langlim. Det er mange flotte plassar og dei treng ikkje vera så kompliserte å kome til. Desse toppane er perfekte for ein ettermiddagstur. Eller, så kan ein ta med seg heile familien opp hit ein dag. Litt under 2 km opp med noko god stigning. Utsikten frå toppen er fabelaktig. Mot Gaustatoppen, Rust, Nord-Skorve, Morgedalsheiane og frametter mot baksida av Bindingsnuten. Her oppe så er ein på nesten 1000 moh. Små fjellvatn på toppen og flotte berg. Dette bør mange ha som nærtur mål i sommar. 3,7 km opp og ned. ca 1-2 timar. 300 stigning meter. Det er veldig flott i Langlim, må eg sei!
Hans Inge Hagen