Er det utsikt du er ute etter, så er vel dette av det flottaste du kan få. Brennmonuten (335 moh) og Firingnuten (312 moh). Usedvanleg flott og nesten ubeskrivleg opplevelse å sjå Seljordsvatnet frå denne vinkelen. Nesten litt unorsk på eit vis. Japansk? Prydtre og kvite fjelltoppar. Parkerar ein ved Brennmo (Her er det nå stengt for parkering, så parker på Telnessanden Camping) eller i lommene langs vegen, så er ikkje turen lengere en 1,5 km opp. Den er bratt og kanskje ikkje heilt egna for skrale bein. Men, du kan jo gå til Østerdalstjønni, mens dei andre gjeng på toppane. Desse to nutane finn du i Fintur-appen.