Den sagnomsuste Brennmonuten, ligg der bare 1,5 km frå fylkesvegen nær Telnes. Den vakraste utsikten over Seljordsvatnet med Skorve i enden. Dette er kanskje den einaste plassen ein kan sjå vatnet frå ende til ende. Turen på traktorvegen er ikkje heilt bar endå, så om ein vil gå tørrskodd, må ein vente nokon veker. Det er mange som tek denne nærturen, i løpet av våren. Den er kort og bratt. Gevinsten på toppen av berget, tek pusten frå dei fleste. Opplevelsen der oppe er nesten som å kikke ut over eit japansk landskap med «Bonsay»-tre og kvitdekte fjelltoppar. Fantasi og realitet hand i hand.