← Turtips
Bindingsnuten, Flatdal (768 moh)
Når Flatdølane er så flinke og lagar ny veg frå Nutheim til Bindingsnuten, i fellesskap, så må me jo gå der. Imponerande dugnad til eit fantastisk utkikkspunkt over Flatdal, med landsbyen og jorda sentralt nede i bygdi. Greit å parkere på Nutheim, au. Du kan sjå bilen din heilt der nede på parkeringa. Ikkje så dumt med ei Nutheim-suppe ved turens slutt, heller. (Kart finn ein i «Fintur»-appen)
Hans Inge Hagen