← Turtips
Sinnesodden er ein av dei finaste og enklaste nærturane me heve i Seljord. Tett skog, men kvitring og stillhet. Gåturen frå vegen til tuppen er bare litt over 700 meter på sti. Men, nå ser det ut til å endrast. Området blir gjort om til budstadsområde og det ser ut til at naturen også er innstillt på det. For den har nemleg begynt arbeidet. Omlåg 100 tre har blitt rykt opp med rota overalt på heile Sinnesodden. Véret heve jobba godt i haust, vinter og vår. Det har gjort ein god jobb før grunnarbeidet, med vegar og tomter, er i gang. Håpar ein kan legge ein fin liten sti i mellom husa frå fylkesvegen og ned til tuppen. Det hadde vøre moro.
Hans Inge Hagen