Londalen. Alaska i Telemark. Ei uendeleg flott villmark, gjøymt oppunder baken på Mælefjell. Denne tverr-dalen til Grunningsdalen er eit paradis for friluftsliv. Nesten ikkje besøkt av folk. Stiane er tette og ein kan fort miste den, mens ein går oppover. Men, Mælefjell og Slåkjanuten ligg der nå fast og peilar du det midt mellom dei, så skal du sjå du finn den att, nå og då. Forresten, beint Nord. Du startar frå Slåkja-parkeringen nede ved vatnet. Så tek du til venstre mot Heimre Slåkja staulen. Gå så Nord-aust over, rett før bekkefaret. Hald deg på den sida, så treff du stien opp i der. 4 km oppe kjem du til tuftene av Londalsstaulen. Og yttlegare 1 km så er du på Londalsvatnet. Der ligg «The Beach» sandstrondi i enden. Veldig fin teltplass. Så kan ein jo gå innunder fjellveggen av Mælefjell nedatt. Følge bekken, som snirklar seg hit og dit. At det er bever der på sletta, er i grunn heilt nytt for meg. Langt frå vatnet. Men, det er store vannflater i bekken enkelte plassar. Kanskje den held til der. Uansett, turen er 10 km lang med 300 stigningsmeter. Bør vel bruke 3-4 timare for å nyte området fullt ut.