Story 04
Løyndommar
Stader ingen snakkar om — men alle burde vita om
Seljord er meir enn fjell og fjord. Det er eit landskap fullt av kuriosa, gammal soge og stader som ikkje finst på turistkartet. Desse turane tek deg til dei løynde hjørnene.
Løyndommar
Øverlandsheii, Seljord
Øverlandseika – eit eldgammelt tre med tusen historier Øverlandseika er ei av dei mest særmerkte og eldste eikene i Telemark, og kanskje i landet. Ho står der – krokete, vid og majestetisk – ute på heii, i randsona mellom skog og ope kulturlandskap.
Sjå turenLøyndommar
Gamle Gullnesveg, Seljord
Nedunder Bringsåsnuten ligg det eit ganske artig område for små ekspedisjonar. Djevelgryta er ei skorte i fjellet, som gjeng ned fra Bringsåsnuten. Du kan gå igjennom den, men det er best om vaksne er med. Oppe på toppen er det ei liten inngang inn i fjellet, som me kalla "inngangen til Blåfjell" da barna var små. Her er det vatn og du ser ikkje akkurat heile vegen inn i fjellet. Moro for utforskning.
Sjå turenLøyndommar
Prestegarden, Seljord
«Guro Heddelid-hella» ligg borti Krokan. Det er ein flott liten nærtur, som går rett over Sundsbarm Kraftstasjon. Stien går opp ved bakre del av kraftstasjonen. Ein rundar anlegget der og går oppetter stien på baksida. Det er ein skikkeleg krøtter-sti med svigar oppetter. Du gjeng forbi nokre gamle tufter på «Satabakke» (1865, 3 kyr og 8 sauer. Harald Aakre) inne i skogen før ein kjem på toppen. Du kan herfrå gå bort på berget ved Lakshøl, om du vil.
Sjå turenVil du ha meir?
Kvar gong du trur du kjenner Seljord, finn du noko nytt. Det er det som gjer det til eit godt turomráde.
← Alle stories