Story 03

Nærtur

Stien frå døra

Gode turar utan lang køyring

Du treng ikkje køyra langt for å finna noko fint. Desse turane startar nær bygda, er overkommelege for dei fleste, og minner deg om at naturen alltid er rett utanfor.

3 km Avstand
235 moh Høgaste punkt
1,5 t Tidsestimat
3/8 Vanskegrad

Nærtur

Bringsåsnuten

Bringsås, Seljord

Bringsåsnuten er ein kjent og kjær liten nut midt i sentrum av Seljord. Det er eit flott utkikspunkt mot Seljordvatnet i front, ned mot sentrum, mot Dyrskuplassen til høgre og Bjørgeøyane mot venstre. Snur ein seg rundt ser ein rett oppover mot Skorve (1369 moh) Denne lille og lett tilgjenngelige nuten kan nåast på fleire måtar.

Sjå turen
5 km Avstand
842 moh Høgaste punkt
2 t Tidsestimat
3/8 Vanskegrad

Nærtur

Hattefjell

Tømmeråsen, Seljord

Hattefjell – kort og hard nærtur med stor utsikt Hattefjell (ca. 880 moh) er ein kraftfull nærtur frå Seljord som byr på bratt stigning og ei av dei beste utsiktene over Seljordsvatnet og bygda rundt. Turen er relativt kort, men med nesten 500 høgdemeter stigning får du verkeleg kjenne det i lår, leggar og kne. Perfekt for deg som vil ha ei rask og effektiv fjelloppleving – og ei vidunderleg belønning på toppen.

Sjå turen
1 km Avstand
115 moh Høgaste punkt
1 t Tidsestimat
1/8 Vanskegrad

Nærtur

Sinnesodden

Møsasida, Seljord

Sinnesodden er eit kjent område i Seljord. Her kjem ein seg ut i skogen og ned til vatnet. Opplevelse av skogens stille, får ein her. Det ligg nokon hytter innimellom, men stigen gjeng forbi og ned til Seljord`s eigene skjær og holmar. Altså, til innlands-skjærgården vår. Ta gjerne med deg heile familien hit. Like fint for barn som eldre. Flott liten utflykt, uten dei store utfordringane.

Sjå turen

Vil du ha meir?

Kortare turar i same område

Turtips Djevelgryta under Bringsåsnuten
Turtips Øverlandseika er gamal og stor
Turtips Utsikt fra Gøysen (midtre) på Skorve ned mot Seljordsvatnet
— slutt —

Nærturen er undervurdert. Det er den du tek på ein vanleg tysdag, og som gjer resten av veka lettare.

← Alle stories