Story 03
Nærtur
Gode turar utan lang køyring
Du treng ikkje køyra langt for å finna noko fint. Desse turane startar nær bygda, er overkommelege for dei fleste, og minner deg om at naturen alltid er rett utanfor.
Nærtur
Bringsås, Seljord
Bringsåsnuten er ein kjent og kjær liten nut midt i sentrum av Seljord. Det er eit flott utkikspunkt mot Seljordvatnet i front, ned mot sentrum, mot Dyrskuplassen til høgre og Bjørgeøyane mot venstre. Snur ein seg rundt ser ein rett oppover mot Skorve (1369 moh) Denne lille og lett tilgjenngelige nuten kan nåast på fleire måtar.
Sjå turenNærtur
Tømmeråsen, Seljord
Hattefjell – kort og hard nærtur med stor utsikt Hattefjell (ca. 880 moh) er ein kraftfull nærtur frå Seljord som byr på bratt stigning og ei av dei beste utsiktene over Seljordsvatnet og bygda rundt. Turen er relativt kort, men med nesten 500 høgdemeter stigning får du verkeleg kjenne det i lår, leggar og kne. Perfekt for deg som vil ha ei rask og effektiv fjelloppleving – og ei vidunderleg belønning på toppen.
Sjå turenNærtur
Møsasida, Seljord
Sinnesodden er eit kjent område i Seljord. Her kjem ein seg ut i skogen og ned til vatnet. Opplevelse av skogens stille, får ein her. Det ligg nokon hytter innimellom, men stigen gjeng forbi og ned til Seljord`s eigene skjær og holmar. Altså, til innlands-skjærgården vår. Ta gjerne med deg heile familien hit. Like fint for barn som eldre. Flott liten utflykt, uten dei store utfordringane.
Sjå turenVil du ha meir?
Nærturen er undervurdert. Det er den du tek på ein vanleg tysdag, og som gjer resten av veka lettare.
← Alle stories