Botnedalen

Botnedalen, Tokke · 21 km · 1100 moh · 59.50672°N, 7.71476°E
FINTUR
← Turar
Botnedalen

Botnedalen

Botnedalen, Tokke

↗ 21 km
⏱ 5-6 t
▲ 1100 moh
◆ 5/8
LangturDagsturFottur9 km +
Avgift

Vegen eller parkeringsplassen har avgift. Ta med småpengar. Enkelte tar kort og Vipps.

Vêrvarsel

Hentar vêrdata…

Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)

Kart og rute

3D
S Start M Mål Høgaste punkt Lågaste punkt km Hovudrute km Alternativ rute ↕ m Stigning

Om turen

Villmakrstur til Botnedalen i Tokke. Nokon plassar er villare, enn andre. Her inne i Botnedalen, som ligg 20 km fra Dalen sentrum mot Froland, er ein av dei. Og om ein så gjeng lenger innover oppetter Hovundåi og bak tindene der (14-1500 moh), så er ein ute på skikkeleg tur. Rå natur med steile fjell, flott dalføre og levande elver med flotte fiskevatn i mellom. Tenk at me har slike område i Vest-Telemark. Ein helt utruleg stad, der ein kan tenke seg til seterdrift og ferdslane langt tilbake i tid. Ein er nesten heilt avkobla verden. Liten eller ingen dekning (vel eg har satellitt på Garmin). Konstant lyd frå åi og ei tett dalføre oppover. Her passerer ein Flovatn, Vierrotjønn, Langtjønn, Isdalsrotjønni, Midtvatn (bra fiske) og tilslutt Poddevatn. Det er fleire vegar dit. Opp Vendalen eller over Hestekvæven, er alternative ruter. Poddevatn ligg der opp i sin harde og brutale natur. 10 km fra Botndalsvatnet (om ein gjeng dalføre). Fantastisk opplevelse bare ved å stå der og kjenne på alt sammen. Det å gå langs åi, gjev visuelle inntrykk der vatn, stein og berg jobbar i lag for å frakte det nedover. Nydeleg lyd og syn! Det er fisk i dei fleste vatna og i kulpane. Me hadde BaseCamp nede ved Botnedalsvatnet og gjekk dagstur. Gamma til Seljord Turlag på omslag 20 kvm, er ypperleg for det. Her skal eg tilbake! Moro på tur med gode venner og friluftslivsfolk! Tokke har så mykje natur, villmark og stillhet å by på.

Praktisk info

Retning
tur-retur
Sesong
Sommar
Stigkvalitet
3/5
Einsemd
7/5
Har du gode turtips?
Tokke
Telemark
fintur.no

Relaterte turtips

Næraste turar