Norabergstien
Vêrvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høgaste punkt
▼ Lågaste punkt
km Hovudrute
↕ m Stigning
Om turen
Frå toppen av Gravshaugane i Seljord går ein kort og triveleg skogssti vidare mot det gamle Runningenfeltet. Stien er ikkje lang, men går du fram og tilbake same vegen, får du ein rundtur på over éin kilometer – akkurat passe for ein liten luftetur.
Denne stien har fått namnet Norabergstien, då han tek til ved huset til Georg, og slyngar seg vidare på oppsida av Seljord Folkehøgskule. Underlaget varierer litt – med parti av stein, men stort sett mjuk og god skogsbotn, og det er fint å gå der heile året.
Om du vil forlenge turen, kan du gå ned att gjennom Enkegata – ein lokalveg som fører deg heimover gjennom det gamle bustadfeltet. Eller, for dei som ønskjer ein lengre runde, kan du følgje stien vidare mot Kodde (uttalast Kødde) over Klomset. Her må ein vere varsam – området er beitemark, og dyr skal ikkje forstyrrast.
Norabergstien er ein liten perle midt i Seljord, godt eigna for kvardagsmosjon og rolege ettermiddagsturar.

Bilete (3)
1 / 3
Turbilder (8)
1 / 8
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommar
- Stigkvalitet
- 3/5
- Einsemd
- 3/5
Har du gode turtips?
Seljord
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no