Svarvarbekken
Vêrvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høgaste punkt
▼ Lågaste punkt
km Hovudrute
↕ m Stigning
Om turen
Svarvaren på Møsasida. Det gjeng ein veg/sti langs Svarvarbekken. Den startar ved Svarvaren nede ved Seljordsvatnet og gjeng opp til Havretjønn. Fyste kilometeren gjeng gjennom eit eldre høgstfelt i ei traktorslæpe, før den blir til sti og gamal fedselsveg oppe ved Stridsflåt etter Fisbu. Her oppover er det bratt. Kanskje, brattare enn ein kan sjå for seg. 500 stigningsmeter på 2,5 km er bratt nok. Det har ikkje smelta, inne i skogen oppe i Havretjønndalen. Men, det tærer på. Eg gjekk opp mot Sandnut og følgte åskammen nedover att. Her er det og bratt og ulent, men ein kjem fram, om ein tek det med ro. Frampå her har ein god, og noko uvan, utsikt mot Skorve. Ein har og god utsikt mot Bjørefjell og Mælefjell. Seljordsvatnet er oversiktleg om ein vekslar mellom dei to åskammane nedetter. Rett før husmannsplassen Åsen, kan ein gå ned på ein gamal veg mot Svarvaren, att! Flott tur med mykje gamal og vill skog oppafor høgstfeltet.
Bilete (4)
1 / 4
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommar
- Stigkvalitet
- 3/5
- Einsemd
- 5/5
Har du gode turtips?
Seljord
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no