Vindeggen

Robekk, Åmotsdal · 40 km · 1516 moh · 59.66034°N, 8.45990°E
FINTUR
← Turar
Vindeggen

Vindeggen

Robekk, Åmotsdal

↗ 40 km
⏱ 20-30 t
▲ 1516 moh
◆ 7/8
ToppturLangturFottur9 km +
Avgift

Vegen eller parkeringsplassen har avgift. Ta med småpengar. Enkelte tar kort og Vipps.

Vêrvarsel

Hentar vêrdata…

Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)

Kart og rute

3D
S Start M Mål Høgaste punkt Lågaste punkt km Hovudrute ↕ m Stigning

Om turen

Villmarken kaller til 2-dagars tur i verneområdet Brattefjell/Vindeggen. Dette fantastiske området i toppen av kommunen med dramatiske formasjonar i steile fjell, små fjellvatn og vakker fjellflora i eit kupert landskap i Brattefjell. Vindeggen me sin karakterisktiske form omkrinsa av slettelandskapet framom seg mot Skjesvatn i Hjartal. Fantastisk kombinasjon for eit verneområdet. Men, det er langt inn til Robekk og Blanktjønnan. 15 km og mykje slit med tung sekk. På varme sommardagar kan ein fint vandre rundt her oppe bak Brattefjell og Mefjell. Ta turen opp på Vindeggen og sjå Gaustatoppen frå ei ny side. Det er artig. Avstandane er store, men det er mykje å sjå på. Staulen på Robekk ligg godt til det mellom fjella. Denne turen starta frå Småtjønn og gjekk til Svain. Vidare til Geitekyrkja og beint fram mot Robekknutane. Så opp til Blanktjønnan og opp bak Sjånuten. Her oppe ligg det på 1200+ moh. Her fant eg teltplassen med utsikt over det meste. Dagen etter gjekk turen til Vindeggen i morgongry. 10 km. Strålande vér og Gaustatoppen helsa tilbake. Turen gjekk så tilbake til teltet. Derfrå tok eg returen nedunder og opp mot nokon små fiskevatn på Seljord-sida. 6 fjellaurar til middag. Det er ikkje så gale. Det må ein ta seg tid til. Gjekk så opp liane mot krysset til Brattefjell ved Geitekyrkja. For så å gå den lange turen tilbake til Småtjønn. Det enda opp med 40 km i terreng med 20 kg sekk (litt for tung). Ein må sette av minst 2 dagar for å få med seg det ein vil. Sjå på detaljar og på det store landskapet. I verneområdet er det ikkje skilt og merking, så du må bruke stiar og lære deg kart og kompass. GPS eller kjentfolk er jo og gode hjelpemiddel. Dette var sommarens store tur. Klart for neste.

Video (1)

Brattefjell til Robekk

Praktisk info

Retning
tur-retur
Sesong
Sommar
Stigkvalitet
1/5
Einsemd
8/5
Har du gode turtips?
Åmotsdal
Telemark
fintur.no

Relaterte turtips

Næraste turar