← Turtips
Skogstur i bratt terreng i Nordbygdi i Seljord. Opp frå dei øvre gardane (Kasland, Øvre Lie, Bakkan) gjeng det ein skogsveg oppover mot områda under Raudbergnuten. Her er det mykje berg med utsikt og gamal skog. Vegen er bratt og i enden gjeng den over til sti. Denne stien gjeng mot Taraldstaulen naturvernområde via Pyklimot med berg og myr. 3-4 km med stigning (550 sm), kjennes godt i beina. Like tungt nedover med ujavnt terreng. Flott utsikt over delar av Åsgrend.
Hans Inge Hagen