Å reise på fine turar, treng ikkje vera slitsamt og drugt. Flatdølane er flinke til å lage gode møtepunkt, stiar og vegar du kan bruke. Dagsturhytta på Øyan er eit slikt punkt, ein bør besøke. Den ligg der gøymt inni ei løe innunder fjellet, der Skorve kjem ned på sin mest brutale måte. Flatdøla slangar seg, som ein levande og strykande sikkerhet i mellom fjellet og åkrene, der hytta ligg. Tett på vill natur og dyrka mark. Lett på og langt frå på ein gong. Set deg der inne å les ei bok eller et ei luksus-niste med vin og druer. Denne passar til det meste. Og husk! Ta av deg skoa! God tur!