Lang rundtur på Blåtjønnfjellet (1234 moh). Rett før vinteren tek til, er det superflott i fjellheimen her i området. Denne lange turen gjeng litt i Seljord og mest i Hjartdal. Starten er frå innerst i Grunningsdalen. På Slåkå der dei nye flotte broene er. Litt borti skogskanten finn ein den gamle stien. Fen gjeng bort til Østre Slåkå staulen ved hyttefeltet. Derfrå gjeng ein på stien oppetter Sudslåkåbekken til ein kjem til Blåtjønn. Nokon bratte lier med lange klyv får deg opp på Blåtjønnfjellet (1234 moh). Denne turen gjeng opp på toppane rundt Blåtjønn. Neste nut er 60 høgdemeter nedafor. Så er det videre til Gryvenuten (1175 moh) med flott utsikt over heile Londalen og tuftene der nede. Nå gjeng turen heimover. Fyrst over Vesledalen og opp på andre sida vatnet. Der er det nut på nut og tilslutt endar du på Slåkånuten (1189 moh). 13 km og 1058 høgdemeter.