← Turtips
Sveigen (1561 moh), Dyrskar på Haukelifjell.
Når ein fyrst er på oppdrag og jobb i Norges frie natur, så må ein jo utnytte det til det fulle. Og når været er så vanvittig bra, må ein ut. Eg tippar at Sveigen ikkje er eit svært interessant mål for dei fleste, men herfrå kan du sjå inn og tilbake i Telemark og du kan sjå over mot Vestlandet. Turen opp fra tunnelmunningen på Haukelitunnellen er heller kanskje ikkje for dei fleste. Det går rett opp. 3.6 km til toppen med over 600 høgdemeter opp igjennom steinura. Eg tenker at til veka kjem det sno. Så, kanskje eg var siste mann opp hit i år. Og kanskje, var eg fyrst, au? For varden var liten og vegen var bratt og noko uframkomeleg. Usikten, over dalen, til Store Nup, Verjesteinsnuten og Dyrskarsnuten var upåklageleg. Dalen oppover til Middyrvatnet, ser veldig flott ut, herfrå au.
Hans Inge Hagen