Sundagsbesøk til Vehus’n (mellom Åmot og Rauland). Kjerringi var ikkje heime, då ho allerede hadde reist til fjølls. Eg og kjeringi mi, er ikkje vonde å be, så me tok like så godt den lange turen opp for å helse på Vehuskjerringi der oppe på 1356 moh. Strålande turvér i dag. Ikkje brekhett og lite sterk sol. Me gjekk frå parkeringa, ned ved vegen, og opp traktorvegen ca 2,5 km, før me kom inn på stien. Den blir bare brattare og brattare, etter som ein gjeng oppetter. 2,5 km på sti og ei stigning på omlag 640 meter. Oppe på toppen er det god utsikt. Totak og litt av Møsvatn ser ein. Raulandsfjella. Gaustatoppen i aust. Og så kan eg røpe at det ser ut til å bli mykje møltur i år, att. Turen blir 10 km og tek 3-4 timar om du legg av godt med pauser. Som ein bør gjere.