← Turtips
Blåfjell. Inn i Hjartdals del av verneområdet i Vindeggen. In to the wild. Og inn i det vakre. Dette er eit av dei finste områda, eg har sett. Blåfjell sør for sjølve Vindeggen, ligg der som eit naturpradis. Om ein óg vil ha underhaldning med Gaustatoppen og Brattefjell i synet, så har ein det heile tida her. Majestetisk skue. Men, det er langt hit om ein gjeng frå Breivatn. Opp Vikedal, forbi Lauvhaug. 12.5 km på sti, i myr og på berg. Opp forbi Ståvåtjønn (med sine 3 svaner) og Lekkjenuten på 1139 moh (turmål med postkasse). Derfrå gjeng ein på ryggen av Blåfjell. Så, kan ein jo ta den andre ryggen, lengere aust, heimatt. Totalt 680 hm og 24 km (ein må gå 1.2 km frå bommen til starten av stien). Dette er i verneområder Brattefjell/Vindeggen og derfor ikkje godt merka. Bruk sv GPS er eit must. Det er lett å gå inn i feil dalføre.
Hans Inge Hagen