← Turtips
Roholtfjellet (1005 moh) i Vrådal er ei perle. Turen gjekk frå parkeringa på toppen av Vrådalskleivane; Heia. Brei sti og god merking, gjer turen enkel å navigere seg fram på, i starten. Ein kjem seg fram til svaberga, som bare blir brattare og brattare, om ein velger å gå rett til Austre Roholtfjell, fyrst. Litt taug-klatring er det opp dei siste metrane. Deretter, så kan en gå til Vestre Roholtfjell (1017 moh), eit par km lengere borte. Du må ned i ein dal, for så klatre opp, att. Eg gjekk heimturen, bakom fjella. Langs Damtjønn og svaberga frampå der (Svæun, Såta, Kartefure og Presttjønn). Utruleg, flott villmark. Såg ikkje ein sjel. Turen vart nesten 2 mil med over 1000 høgde meter, så den sitt godt i beina. Moro å sjå kva andre har.
Hans Inge Hagen