Dra meg baklengs inn i Hægefjell (1024 moh). For ein natur dei heve i Vrådal, au. Hægefjell er noko eg heve tenkt på i årevis. I dag fekk eg meg ein tur dit. Ved den nest øverste heisen, er det ein stor parkeringsplass. Derfrå gjeng det oppetter svaberga. Eg laga turen om til ein rundtur og gjekk ned frå Tverrfjellet til myrene rundt Hægefjellbekken. Deretter rett opp der det er vegitasjon. Ein del is, så greit å halde seg i lyng og mose. Dette er ein villmarkstur av stor kaliber. Mykje storfugl ned i der. Oppe på toppen, skulle du tru du ser det særeigene med Hægefjell. Men, det gjer du ikkje. Du må ha med deg drone for å sjå veggen. Heimturen er meir eller mindre på «motorveg». Dette er ein populær destinasjon for turistar og hyttefolket nede ved skianlegget. Turen blei på 15,28 km med ei stigningshøgde på 824 meter. Turen tok ca 4 timar. Det er nok enklare, om ein parkerar på toppen av anlegget og gjeng «motorvegen» fram og tilbake. (12,6 km).