Solrik dag på berga oppe på Trassimotkåsi i Kivledalen. Her er det god utsikt mot Seljordsvatnet sør og Skorve med øst. Skorve blir ekstra massivt, når ein kjem tett på. Spesielt herfrå. Blir liksom ein ekstra dimensjon, når ein ser på det igjennom småfuruane på berga her. Slike dagar er heilt maks, like før vinterne kjem. Klart, bart og perfekt temperatur. Me gjekk opp frå Bygdardalen, på stien opp til Høna, men tok av ved Sokkalid for å nå desse berga. Så gjekk me ned att i dalen bakom og ned over Finndalsåi og vegen ned ved Skridustaul. Flott tur på ca 6 km. 2 timar med god kaffipause. Minst ei dusin trefall opp langs stien her au, etter stormen