← Turtips
Måni (Grønlimåni) på Seljordheii ligg bratt og grisgrent til det om ein gjeng opp via Bekkjevasen. Ikkje mykje til hei-terreng der, nei. Bratte lier, berg og dalar over alt. For det meste. Godt ein er glad i slikt gamalt gjengrodd natur. Veldig moro å gå i. Gamle nedfalstre, møse og myr. Inni her er det mykje liv. Og nokon gonger ser ein dei. Drønnet frå ein elg som reiste seg og viste meg bakenenden, var ein artig opplevelse. Mykje lyd bare dei bevegelsane der. Sjølve Mani er ikkje så imponernade som topp me sine 635 moh. Men, som eit midtpunkt i skogen er den heilt perfekt. Litt over tretoppane under seg. Det er moro å sjå andre turmål frå nye vinklar. Bjørgenuten ser noko ansleisnut her frå. Og Telnessanden ser veldig lang ut. Turen opp her er kanskje lettare frå Øverland. Frå Heivegen er det 5 km tur-retur med 370 stigningsmeter. 2-3 timar.
Hans Inge Hagen