Skogsoddtoppen er ein av mine favoritt punkt. God utsikt i alle retningar. Kolltveiteggi, Raudbergnuten, Ordalsåta og lengere mot Bjørgefjell, Lifjell, Mælefjell og Skorve. Roholtfjellet vestover. Villt og vakkert. I kveld var det varmt og fyllt med sol! Turen opp er som ein jungel. Frå vegen ved Vigdesjå, under Kyrdalen, og opp langs jordet til den svære steinen, som rasa ned ein gong i tida. Derfrå ser du og Dårenibba. Markant oppe i berget. Litt glatt på røtar og bratte jordbakkar, før ein kjem opp i lyngen. Svaberga stikk opp her og der fram til toppen. Det er omlag 1,3 km opp dit. Eit par timars tur, inkl pausa.