Ein skø passe på trøllungane sine! Mine ligg støtt og stødig oppe i Finndalen. Dei ligg der på rekke og rad, som om soli ein gong, tok dei alle på senga. Turen opp frå Bygdardalen til Høna er nokon bratte 2,5 km. Men, om du taklar strevet er belønningen stor! Utsikten frå Høne tek deg fyst. Så, skjønneten av den langstrakte Finndalen med Hestenutane innerst. «Breathtaking» som me seier, så godt på Seljordsk. Bekken innerst er intens og vilter for tida. Den svingar seg hit og dit, nedover. Og meir vatn kjem fossande inn frå kantane. Hestenutene og silluetten ein ser i solnedgang, gjev assosiasjonar til langt større fjell ute i verda. Finndalen ligg på omlag 1000 moh over tregrensa. Er du heldig høyrer du gauken, au!