Fin tur midt i veka. Med slikt eit vær som i dag, så skrik skogen og fjellet etter ein. God temperatur og lyst lenge nok til å koma seg opp i høgda. Dyrlandsheia og Vetrhusnutane, opp mot verneområdet, har god utsikt mot fjellrekka nordvest over mot Gryvlun, Fyljomstaul, Svafjellet og Brattefjell. Du ser og Mefjell og Marigrøi derfrå. Nærmaste topp er Brattlinuten og Knurrlinatten, som ein og kan gå til frå Minnesjorddalen i Svartdal. Mykje villmark her. Det er mange slike områder i Vest-Telemark, så det er bare å koma seg ut å sjå.