Bjørgefjell (875 moh) om hausten, er noko for seg sjav. Fine traséar og gode utkikkspunkt. God oppvarming frå Reinstaul-parkeringa til krysset i Borkebudalen. Flotte fargar og nydeleg kvitring. Soli dreg seg igjennom lyng, planter, buskar og trekroner. Veldig vakkert, om ettermiddagen, i haust-soli. 3 km opp og 3 km ned (5,5 km tilsaman om ein følger stien) om ein sjanglar seg innom det som er bør sjå på av detaljar. Godt at hausten er lang, sjølv om det var kuldegrader i natt.