← Turtips
Me måte opp i Hestenutan, for å sjå til dei forsteina småtrølli på Finndalsbergi. En treng verkeleg ikkje til Alpene, til vestlandet eller lengere nord for å oppleve tindar og kvasse fjell. Me heve eit område i nærheten, som gjev utrulege opplevelsar. Eit område, som ventar på besøk og som gjerne vil vise sin pump og prakt. Tek du deg ein tur opp frå Bygdardalen i Kivledalen til Finndalen via Høna, for så å gå ein rundtur i Hestenutane, så vil du sjå noko du sjelden vil gløyme. Her kan du bestige tindar og sjå på flyvrak. Bade og fiske. Gøyme deg vekk i ukjende, små dalføre eller sita på ein liten topp, som Tulla, og sjå ned på grønt vakkert landskap, med små fjellvatn med fiskevak i. Fullstendig magisk område!! Og dette ligg hos kånn! Legg ein tur hit, i sommar!
Hans Inge Hagen