← Turtips
Krokan-klyvet.
Likar du å gå i oppoverbakke og få litt svettedråpar i panna, så kan turen frå Krokan via Dansarsalen til Karlstaul, vera noko for deg. Klyvet oppover der byr på veldig mykje natur, utsikt og dyreliv. Her er det gamle ferdselsvegar, som dei må ha gått til fots og med hest, i gamle dagar. Under Vensås låg det mange staular i gamal tid. Noko av desse, kan du så tufter av fortsatt. Det er ikkje meir enn 2,6 km opp til Karlstaul. Det er kanskje den kortaste vegen opp dit. Den gjeng rett opp med 584 stigningsmeter. Nesten 200 per km. Ganske heftig. Men, stiane er fine og her er det ein kombinasjon av ferdselsvegar, dyretråkk og frigange. Du må peile deg skrått mot lysninga i toppen og følge magafølelsen. Leit etter vegar og tråkk. Dette er kjempemoro. Her er det også mykje historie opp i. Ta deg turen og ikkje fortvil om du ikkje kjem heilt opp. Set deg ned på ein av dei mange berga og sku utover jorda på Bjørge med Seljordsvatnet lengst ut. God tur. Det var moro å treffe på flinke turgåarar i dag, au.
Hans Inge Hagen