← Turtips
Vebekkdalen. Ute langs Seljordvatnet etter Telnes ligg eit dalføre som heiter Vebekkdalen. På andre sida vegen for badstoga ved stråndi. Her gjeng det gamle vegar innover mot Øverlandsheii. Turen startar med den flotte steinmuren ein ser frå vegen. Deretter buktar vegen seg oppover til du kjem opp til husa på Grabbu. Deretter, går det flatare innover og forbi Grabbutjønni. Så kjem du til den andre Grabbu (her ser ein ikkje att husa) før du når Gautiltjønna. Stor flott tjønn, midt inne i skogen. Dette er eit godt stykke inn i Bø. Turen fram og tilbake er på ca 6,5 km. Seljord sogelag har hatt mange turar hit, opp igjennom åra. Påska er over og tur-sesongen er i gang.
Hans Inge Hagen