Ein liten skogstur oppe i det nye skogsvernområdet mellom Raudbergnuten og Kyrkjeberget. Fin natur oppe i eit ganske ukjent område for mange. Tok turen opp mot Koddefjell og vidare via Veslestaul og opp på berga over mot vernområdet der restane av Talleivstaulen ligg. Gjekk bort til Skrøyva, før turen gjekk tilbake på gamle ferdselsvegar bakom Raudbergnuten. Då kjem ein på traktorvegen nedatt til Kodde. Det gjeng kyr på Kodde, så det er gjerde der. Loftsgardengrendi og Nordbygdi er litt sydlansk med Skogsoddtoppen bakom. Når ein ser det frå vegen nedatt. Denne turen blei 9 km med ei stigning på 460 meter.