Øyan i Flatdal har ein nærtur med utruleg mykje innhald. Flotte og spennande instalasjonar i naturlaben. Gode stiar frå bygg til bygg inne i jungelen. Så er det den fine vegen langs Flatdøla med endar som leikar seg i vatnet, blomar med gule og lilla fargeprakt og mykje kvitter frå fuglane. Og er du heldig høyrer du eit grynt frå hjorten på andre sida. På Humleneset. Før bada me myke på Hamresanden, ved elvemunningen mot Flatsjå. Og det kan en nok gjere fortsatt, nå som det er opna opp der. Det er og ein flott plass å padle med kayak eller kano. Ein kjem eit godt stykke opp i åi, før det blir for grundt og ein må nedover, att. Gåruren frå parkeringa ved sandtaket før Vassmoen, kan bli så lang du gidder. 1,2,3,4 km om du vil. Tilgjengeleg for alle. Til og med fins det nå ein utedo i det nederste selet. Veldig moro for veldig mange, om ein tek turen hit. 25 grader i dag kl 20