Nærmare kjem du ikkje skogen. Køyrer du deg ein tur langs vegen og leitar etter avstikkerar og småvegar, så finn du dei over alt. «Rett-i-skogen»-prinsippet er enkelt og krev lite planlegging. Eg fant avstikkaren på andre sida av nye Norbygdi industriområde. Ein bra plass å starte frå. Inn i skogen og oppetter berga. Du har kanskje lagt merke til «glenna» på berget, om du har kikka oppover Nordbygdi frå Brøløs? Der kan ein ta seg ein sving opp mot Langvenda og nedre del av Raudkleiv. Stiar og gamle attgrodde traktorslæper er lette å gå etter. Sjølv om dei er ganske attgrodd av mikrobarskog. Mykje detaljar og ganske så stille, sjølv om vegen gjeng 5-600 meter på nedsida. Litt frigåing i skogen, må ein regne med før ein kjem oppå flata. Det er mange slike skogsterreng her i Vest-Telemark. Så, finn deg ein avstikkar og sjå kva du kan utforske der.