Årnoteren og Svartufsnuten, like ved, er flotte turmål i nærområdet. Mange tek denne turen og kjenner nok turstien ganske så godt. Men, det er eit stor område og mange andre stiar og dyretråkk oppe i liane her. Og når ein snublar over ein liten krabat i lyngen, så skjerpas sansane ganske heftig for å finne ut kva for retning mora drog i. Eit kjapt erindringsøyeblikk, mens eg fekk knippa nokon bilder, før eg drog meg vekk i motsatt retning. Trur både kalv og kyr, heve krisemøte nå, for å "de-briefe" hendelsen. Håpar dei klarar seg god. Eg er glad eg ikkje fekk helse på sinna mor. Uansett, ein flott opplevelse ein ikkje får med seg så mange ganger.