Midt i mellom Grimaren og Røysdalsnuten på Lifjell, ved det fine fjellvatnet, ligg ein svær steinblokk inntil berget. Denne har du kanskje lagt merke til, eller kanskje ikkje. Den er lett å sjå, men då som ein del av berget. Denne har falt av ein gong i tida og danna eit stort hulrom på innsida. Høge veggar (5-6 meter) på kvar side med ein liten inngang i sørsida og ein litt større i nord. Sjekk denne ut neste gong du er i nærheten.