← Turtips
Dansarsalen i Krokan i Seljord er ein kjent og kjær nærtur. Denne korte med bratte turen gjeng opp til danseplassrn på berget. Drøye kilometeren opp gjennom nydeleg urørt skog. Mykje fuglekvitter og flotte fargar i blomar og terreng. Ein kan tenke seg kva for dansefestar dei hadde her i gamal tid. Kort veg, men likevel grisgrent og gjømt, fekk ungdommen si frisone for abligøyer, skøy og moro. Den tids ungdomsfest. Syns eg kan høyre dei fortsatt. Det er forøvrig litt kratt å gå igjennom frå bommen og inn i skogen.
Hans Inge Hagen