Oppafor skianlegget i Raudkleiv, ligg det eit fantastisk flott skogsområde. Rett ut av løypa og inn i skogen ved skiltet til Årnoteren. Opp her kan ein gå opp gjennom skogen til Årnotratjønn og vidare til Havretjønn. Stille og fredeleg med moderat stigning. Rett ut i villmarka. Tjønnane er islagte, men det kan vera lurt og tryggast å gå i kantane. 5-6 km lang slynge og om du brukar meir tid på å sjå deg om enn å koma fram, så brukar du 2-3 timar. Utruleg flott område uten særleg mykje folk. Møter du nokon, så er det som oftast ute i same ærend som deg sjølv.