Igletveit med eiga tjønn og det heile. Nærtur-programmet er vel fullt for mange om dagen. Dette er ein av dei flottaste. Opp igjennom furuskogen på gamal skogsveg. Det er ikkje langt opp. Snaue 2 km til Igletveittjønni. Men, stikk og gjerne bortom brua over Manheimbekken med fossen der. Og, den gamle flotte garden Igletveit. Oppe ved tjønni er det ein benk å eta nista si ved. Denne nærturen er ypperleg for familiar og formiddagstur-gåarar. Her gjeng og langturen frå Vefall til Reinstaul, forbi. Ein kan parkere nede ved vegen, i lomma der, før Sanden Camping.