Skogsoddtoppen og skogsoddane baketter. Alltid flott å sjå på frå Brøløs. Og alltid like tiltrekkande. Denne lille turen på om lag 1 km, opp via jordkanten på Kyrdalen, er stemningsfull og vakker inne i skogen. Så brer den seg ut over svaberga og endar opp i ein stupbratt fjelltopp. Ned mot avgrunnen kan en sjå ned på Dårenibba (som du og kan sjå nede frå vegen om du er observang). Vil du utvide turen, så er det bare å frigå innover fra Skogsodd til Skogsodd. Den fyrste du kjem til er som tvillingbror til toppen, å regne. Eit par tre timar burde du bruke. Om ikkje ana enn å høyre på klunking i bekken og rødstrupe sang.