← Wandertipps
Nokon turar eg godt kjente. Som turen opp til Igletveit og tjønni 1,3 km frå parkeringa før Sanden Camping. Denne turen kan bli lengere om du fortsett frå Igletveittjønni. Der er det slalåm-gåing mellom vindfallet i gamalskogen der. Bratt er det au. Men, så kjem du fort opp til Svink. Ein gamalt rydda plass i ein av svingane opp til To. Då har du gått 2,6 km. Heimatt kan du velge å gå ned på berga og kome på andre sida av tjønni. Der er det sti/dyretråkk, som er ganske enkle å følge. Totalt lenge på 5.2 km med ei stigning på 325 meter. Eit par timar eller meir bør du unne på deg.
Hans Inge