Nå smeltar vinterkåpa av Lifjell. Snart er det heilt bart og lett å gå. Lifjell er jo aller best og finast frå Seljord-sida. Altså, frå Grimås. Fyrste 1/2 timen er hard. 1,3 km bratte. Men, når du fyrst er oppe er alt slitet verd kvart tunge steg. Eit tips for deg som har gått mykje til Grimaren. Prøv å gå inn mot Tjorbu og dra av nord-aust over, etter Bekkestaul. Gå opp på ryggen av Tjorbufjellet og ned til Røysdalstjønann for så å gå bakvegen, på eggen, fram til Grimaren (1169 moh). Då har du gått omlag 7,7 km. Stigning på 500 meter. Du må regne med 3-4 timar om du vil raste litt au.