← Turtips
Hanakamjuvet. I dag hadde fossen brudekjolen på. Sløret fall heilt ned til anklane. Vakrare brud, fins ikkje. I mellom regnbygdene, er det av og til sol. Det var det i ettermiddag. Regn når eg køyrte opp og regn når eg for heim. Ellers, sol og bekkebrus! Eller, mest bekkebrøl frå Hanakamfossen. Dette er det mest idylliske turområdet vi har i Seljord. Gamal veg i naturskjønne omgivelsar. Dett er ein tur på 4 km opp og ned, om du gjeng opp til Bygdardalen og Kivledalsvegen, før du snur. Opp til fossen er det ca 1.3 km. Husk at du må passe deg på kanten. Den har vel rundt 60-70 meter fritt fall.
Hans Inge