← Trail Tips
Den velkjente Ballongfararsteinen er ein ypperleg plass å reise til. Nydeleg skogsterreng oppafor Manheim og nedafor Lifjell. Me har til og me laga koie der til bruk for alle. Denne turen kjem du til om du kjører Stigfjellvegen opp frå hovudvegen (litt bortafor Sjøormrasteplassen). Opp igjennom Strand-gardane (bom 100,-), Manheim og vidare oppetter skogsvegen. Tilslutt kjem du til parkeringa. Derfrå gjeng du 700 meter på veg opp til stien. Så, derfrå ca 800 meter til Ballongararsteinen. Koia ligg litt oppafor. Det er godt merka dit. Flott område ein bør sjekke ut.
Hans Inge